Letra de
Innegubbe

Har sett det ryk lenger ned.
Der bur det ein te som styre på med sitt.
Eg har vurdert å ta ein tur
dit han andre bur og fortelja om mitt.
Kunne ha siti ved eit kjøkenbord.
Sett ut glaset mens tankan fôr over Sangenut.
Det har bygd seg upp so mangt.
Kjekt å møte folk i blant. Koma seg litt ut.
Har alder meint å presse meg på
men det kunne ha vore interessant å
sjå og høyre koss andre lev og bur.
Kanskje har eg eit par tips på lur.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
som står bak gardine som ein skugge.
Verse
Bli eg stille og går tom
kan me la radion ta seg tå praten min.
Me kunne ha køyrt ein tur i soln.
Uppå åsen på inspeksjon som kompetanseteam.
Har alder meint å presse meg på
men det kunne ha vore interessant å
orientere om siste nytt.
Tilstandsrapport frå ein lenger upp.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
som står bak gardine som ein skugge.
Verse
Om du treng ein venn midt i viku ell på fest.
So veit du kem som gjedne kjem som gjest.
Det er sure folk alle stad.
Ko er det dei alle ha mista true på?
Sjøl er eg sosial og lysteleg.
Sjøl om det ikkje alltid er like lett å sjå.
Har alder meint å presse meg på
men det kunna vore interessant å
prate litt om ting me burde ha gjort no
og om dagens høge tempo.
Eg vil ikkje bli ein innegubbe
som står bak gardine som ein skugge.
Outro
Om du treng ein venn midt i viku ell på fest.
So veit du kem som gjedne kjem som gjest.
/Daniel Seides