Lyrics of
Kor Djup Vr Faders Kjrleik Er

Kor djup vår Faders kjærleik er
Ja, større enn vi fattar
For oss Han gav sin eigen Son
Og berga sine skattar
Ei smerte frå det største tap
Hans kjæraste vart ofra
Og såra på ein piska kropp
Dei syner veg til æva
Eg ser på mannen på ein kross
Det dryp frå tornekrona
Eg høyrer stemmer, rop om spott
Og skammar meg ved orda
Det var mi synd som heldt Han fast
Så eg kan gå heilt urørt
Eit siste andedrag Han tok
No veit eg det er fullført
Eg vil ei fylla hjarta mitt
Med jordas makt og pengar
Hos Gud eg manglar ingenting
Eg ligg i grøne enger
Kvi får eg nåde stor kvar dag?
Eg evner ikkje svara
Men, Fader lat meg alltid i
Din djupe kjærleik leva
Siste refreng: x2